Etterdønningar etter "Hans"

Publisert av hallingdal_admin

25.10.23, kl 09:40

Etterdønningar etter «Hans»

Som kjent vart Nesbyen Kommune hardt råka av flaumen «Hans». Også kraftnettet i området fekk kjenne på kreftene i ein stor-flaum.
Sjølv om den viktigaste transformatorstasjonen vår vart sett under vatn har me stort sett klart å levere stabil straum til kundane våre i tida etter «Hans».
Det er likevel slik at me i ei lang periode framover må drifte nettet på ein måte som gjer oss meir sårbare enn normalt. Dette kan i enkelte samanhengar medføre at leveransen ikkje er så stabil som me kunne ønska. Dersom du er heilt avhengig av straum så må du forsikre deg om at du har ei backup-løysing.
Me skal uansett gjere det me kan for du skal verte minst mogeleg påvirka av evt. utfall.

Takk for tolmod og forståing!